1x
1.5x
2x

Utdatert nettleser

Vi oppdager at du benytter en utdatert nettleser som ikke støttes av siden. For å oppleve siden vi vil anbefale å benytte ett av alternativene under.

Design uten navn 6
Design uten navn 6

Bygg eit kulturminne i Minecraft

Flytt “sandkassa” inn i klasserommet og bygg digitale kopiar av ekte kulturminne.

4-6 skuletimar

Legg til i favoritter

Dette treng de

Slik gjer de

Dette treng de

  • Datamaskiner med Minecraft Education Edition
  • Ulike bygg eller båtar

Slik gjer de

Avklar med IT-ansvarleg at de har naudsynt programvare til å installere Minecraft Education Edition på elevmaskinene. Det er mogleg å skru ned på detaljnivået i spelet for å få det til å fungere raskare. Installer Minecraft Education Edition på alle maskinene på førehand (om du ikkje vil at elevene skal øve seg ved å gjere det sjølv). Bestem deg for om elevane skal arbeide i Creative-modus, eller om du vil ha streng regi på kva dei skal ha tilgang til av byggeklossar.

Del klassa inn i grupper på to eller tre personar som skal bygge saman. Det kan vere lurt å la mindre erfarne spelarar vere saman, slik at alle får bygge like mykje.

  • Har de mange kulturminne i nærleiken, kan du fordele eit til kvar gruppe. Det kan også vere artig å gjenreise bygg som ikkje finst lenger. Elevane kan også bygge kjente kulturminne i Noreg basert på bilde og planteikningar.
  • Avgjer om elevane får bygge på frihand, eller om dei skal bygge i ei bestemt målestokk. Her kan du snike inn mykje matte!
  • Spill gjennom opplæringsverda i Minecraft Education Edition først.
  • Lag reglar som klassen må følgje, som å bruke eige namn, vere høflege mot kvarandre og ikkje øydelegge andre sine bygg.
  • Be elevane om å nytte funksjonen for skjermbilde i programmet til å dokumentere byggjeprosessen. Dei kan også skrive logg undervegs om det arbeidet dei gjer.
  • La elevane lage plakatar i Minecraft som dei plasserer utanfor eller inni bygget, der dei fortel om byggverket.
  • Det er lurt å ha nokre ekstra oppgåver på lur for dei raskaste byggjarane.

Klar for oppgåve?

TIPS

Minecraft Education er tilpassa skolebruk og lett å nytte sjølv uta erfaring.

KOMPETANSEMÅL

Etter 4. årssteget

Kunst og handverk

  • planlegge og bygge modellar av hus og rom ved hjelp av digitale verktøy og enkle handverkteknikkar
  • tegne hus og rom sett rett ovanfrå, rett framanfrå og rett frå sida

Matematikk

  • teikne, bygge, utforske og greia ut om geometriske figurar og modellar i praktiske samanhengar, medrekna teknologi og design

Meir lærerik moro

Legg til i favoritter

Til toppen